W4P – Ein Suksess

Maecenas in sapien eu turpis ultrices ultricies. Maecenas eget orci justo. Pellentesque habitant morbi tristique senectus et netus et malesuada fames ac turpis egestas. Nulla rutrum nulla consectetur libero malesuada, sit amet elementum enim rhoncus. Cras auctor, dolor nec congue venenatis, quam justo mattis magna, sit amet viverra sem velit sed odio.

Demo-Runde: https://www.waves4power.com/demo-runde/

– Vi har søkt over halve Europa for å finne den rette lokasjonen for vårt bølgjekraftverk. Og vi fann det vi lette etter utenfor Runde, forteller dagleg leiar Ulf Lindelöf.

Det siste testanlegget har vore i drift utanfor Runde sidan februar 2016. Fram til i dag har den vore utsett for mykje hardt ver, som orkan og tre stormar. Men anlegget har overlevd.

– I fyrste omgang var dette viktigast for oss og sjå at sjølve eininga kan overleve tøffe verforhald. Det einaste problemet vi fekk var trettheitsskadar på ein komponent som hadde større krefter enn vi visste.  Dette vart utbetra og kraftverket vart satt ut att. 2. juni vart også eininga for straumproduksjon installert  og bøya produserte straum.

Framtida for bølgjeenergi
I kombinasjon med andre energiløysingar trur Waves 4 Power at bølgjekraftverket vil forsyne med anna oppdrettsanlegg med rein energi.

– Vi ser på fleire behov som oppdrettsnæringa har. Rein energi og energilagring, oksygen og ikkje minst ferskvatn til bruk i avlusing.

– Kanskje vil bølgjeenergien erstatte dieselaggregat og kunne forsyne oppdrettsanlegget med meir ein rein energi, spekulerar dei i.

 

Nye idear frå w4P for å nytte bølgjekraft

Nytt Testområde For Bølgjekraft

I mars lanserte Siva (Selskapet for industrivekst) ei ny støtteordning, kalt Norsk katapult. No har 38 næringsmiljø søkt om opptak til den nye ordninga

I mars lanserte Siva (Selskapet for industrivekst) ei ny støtteordning, kalt Norsk katapult. No har 38 næringsmiljø søkt om opptak til den nye ordninga.

Regjeringa har satt av 50 millioner til etablering av testsentre for små og mellomstore bedrifter, slik at nye løsninger kan testes i industriell skala.

Runde Miljøsenter ynskjer å etablere eit Norsk katapultsenter for havenergi ute på Runde.

Vi fekk dessverre ikkje tilslaget denne gangen.

SIVA varslar at dei vil ha ei ny runde til neste år der alle kan søkje om å bli Norsk katapultsenter

Siva sin nettstad: https://siva.no/norsk-katapult/

 

Langvegsfarande vitja senteret

(3. november 2015)
To forskarar frå universitetet på Hawaii vitja Runde denne veka. Dei arbeider ved Hawaii natural energy institute, http://www.hnei.hawaii.edu/, med fokus på havenergi og har hatt kontakt med RMS i lang tid. Professor Steve Masutani er ekspert på termisk havenergi, men arbeider også med energi frå marin biomasse, hydrogenproduksjon, metanhydrat og brenselsceller. Patrick Cross er ansvarleg for drifta på WETS testlokaliteten for bølgjekraft på austsida av Oahu øya. Dette er einaste testlokaliteten i USA med nett-tilknyting, og har dermed likskap med Runde.

Der er tre tilknytingspunkt på lokaliteten, med anker på plass. Eit anlegg (Azura) har produsert straum til nettet eit års tid, og eit nytt anlegg vil snart vere på plass og levere straum til nettet. Det vart utveksla informasjon om erfaringar og planar, med semje om å samarbeide om verifisering av straumproduksjon og miljøovervaking i samband med testing: overvaking av fugl og fisk og også faktorar slik som lyd i havet, som WETS har god erfaring med. Partane har intensjon om å inngå ein langvarig samarbeidsavtale, som inkluderer prosjektsamarbeid og utveksling av personell.

Foto: Steve Masutani og Patrick Cross framfor Runde Miljøsenter.