Aktuelt

Det skjer mykje innan havenergi.
Her vil vi skrive om aktuelle saker som er interessante å studere nærare.

Runde Miljøsenter i Jiyujin Magazine

Fredag 24. februar 2012

Der vi seier "Energi frå havet" ville ein japanar seie noko slikt som "Umi kara no enerugi". I vinter fekk Runde Miljøsenter besøk av to journalister frå det japanske livsstilmagasinet Jiyujin Magazine. Dei var på ein rundreise i Norge for å sjå på korleis vi nytter fornybar energi her i landet. Dei starta i Hammerfest og fortsette sørover, med stopp undervegs i Alta og på Runde, før dei enda opp i Oslo.

Journalistane Toru Iwasa og Sanae Yoshizawa hadde med seg Rie Mitomo Krogh som tolk, og var på jakt etter inspirasjon til korleis Japan kan bevege seg mot ein energiforsyning der ein er mindre avhengig av kjernekraft og har større innslag av fornybar energi. Motivasjonen er naturlegvis lærdomen etter tsunamien i 2011, som viste japanarane at kjernekraft kan vere sårbart og tildels utrygt i tilfelle naturkatastrofar - spesielt jordskjelv og tsunamiar.

På Runde fekk Toru og Sanae møte Geir Arne Solheim frå Havkraft AS i Måløy, og Elling Dybdal frå Tussa. Geir Arne Solheim presenterte eit bølgjekraftverk utvikla av Havkraft AS, som han meiner har potensial til å levere store mengder energi til konkurransedyktig pris i løpet av relativt få år.
Solheim meiner at på same viset som vindturbinar i dag stort sett har konvergert mot eit designkonsept med tårn og tre vingar, vil det også innan bølgjekraft skje ein utveljing av 5-6 konsept som til slutt vil stå igjen som industristandarden innan bølgjekraftverk. Og Havkraft sitt konsept vil vere eit av disse 5 konsept.

Elling Dybdal frå Tussa AS fortalde om korleis Tussa produserer og leverer straum til kundane i vår region. Stort sett all straum Tussa sel til kundane sine er produsert på vasskraftverk i regionen, og Tussa har bygd, og fortsetter å bygge, nye kraftverk for å nå eit mål om å produsere all straum dei sel som rein fornybar energi. I tilleg til tradisjonell vasskraft er Tussa og involvert i søknader om vindparker i regionen, og dei har bygd fjernvarmeverk i ørsta som forsyner kundar med varme og straum frå eit flis-fyrt anlegg. I tillegg er Tussa interessert i å følgje utviklinga innan havenergi og er ein av sponsorane for havenergisenteret.

Til slutt fekk journalistane vitje dei tekniske installasjonane i Runde Miljøsenter for å få vite meir om ENøK-tiltak og korleis ein har valt løysingar som er med på å redusere energiforbruk og miljøpåverknaden frå bygget.
Vi håper sjølvsagt på at Jiyujin sine leserar finn inspirasjon i artikkelen og om nokon av dei skulle få anledning å vitje Runde sjølve får vi berre sei velkomen til Runde: "E yokoso Runde"

Lenkje til Jiyujin Magazine
Du kan og laste ned ein kopi av artikkelen i Jyiujin Magazine frå arkivet vårt: Jyiujin Magazine om fornybar egnergi i Norge (pdf, 4Mb)

Nytt initiativ innan utvikling av havenergi

Fredag 6. januar 2012

Lars Edvardsen og teknologifirmaet hans, Intentium, har gjennom fleire år utvikla eit konsept for bølgjeenergi. Intentium har no lansert eit nokså unikt konsept - dei har rett og slett gjort teknologien sin tilgjengeleg på eit vis som på mange måter er likt "Open source" programvare: OWEP - Open Wave Energy Project

Intentium har patentert sentrale deler av teknologien sin, men vil dele den med andre utviklarar i det dei håper kan bli eit opent samarbeid, der andre kan bidra med teknologi, eller til og med bruke teknologien til Intentium til å utvikle eigne varianter av bølgjekraftverk.

Dette initiativ er etter det vi veit unikt, og kan kanskje bli eit viktig steg mot å kommersialisere bølgjekraft? Det å opne opp for å dele teknologi, og oppfordre andre til å gjere det same, vil bidra til at fleire konsept konvergerar mot å bruke like tekniske løysingar, noko som på sikt vil bidra til å drive kostnadene nedover mot nivå som er meir konkurransedyktige med vindkraft og andre former for fornybar energi.

Les meir om initiativet og teknologien på www.owep.no

Seminar om havenergi for realfaglærarar

Tysdag 11. oktober 2011

Tysdag 11. oktober var 14 realfaglærarar samla til seminar om havenergi på Runde Miljøsenter. Tema for dagen var ressursane i havet, teknologien som utviklast for å hauste energi frå havet, og ein diskusjon rundt viktige samfunnsaspekt og føresetnader for å ta i bruk havet som energiressurs.

Disse tema er viktige å formidle til dagens ungdom - det er dei som vil oppleve ei verd i forandring, med mindre tilgang på fossile energikjelder og behov for å finne nye løysingar for å vidareføre vår energikrevjande levevis. Havenergisenteret er etablert nettopp for å sette fokus på slike saker og det er viktig for oss å kunne jobbe med skulane om korleis vi kan spreie kunnskap om alternative energikjelder innafor ramane i læreplanane.

Dei 14 lærarane fekk i tillegg til foredrag om havenergi også høyre Nils-Roar Hareide fortelje om Runde Miljøsenter og det unike økosystemet rundt øya, dei fekk høyre historia om Akerendam og vitja utstillinga av Rundeskatten med May Britt Haukås som guide, og dei fekk høyre havbiolog Annelise Chapman fortelje om metodikk og resultat innan miljøovervaking og feltmålingar som er gjort av Runde Miljøsenter. Til lunsj vanka det kvit bacalao som kjøkkensjef Rita Bakke hausta mykje skryt for.

Lysark frå dagens presentasjon kan du laste ned frå arkivet vårt.

Besøk frå Geofysisk Institutt, UiB

Mandag 12. september 2011

Måndag 12. og tysdag 13. september hadde vi besøk av 10 studentar og to professorar frå Geofysisk Institutt ved Universitetet i Bergen. Peter Haugan er ansvarleg for undervisninga innan oseanografi, og med seg hadde han Finn Gunnar Nielsen og 10 studentar. Dei kom til Runde for å få undervisning og for å sjå nærare på ein av dei få stadane langs kysten der det faktisk skjer testing av bølgjekraft.

Finn Gunnar Nielsen er både tilsett i Statoil og professor II ved Universitetet i Bergen. Han forelas om bølgjekraft og teorien bak bølgjeutbreiing. Han forklarte om mengdene energi i bølgjer, og korleis den kan fangast og brukast.

Reisefølgjet kom med fly og buss måndag formiddag. Ettermiddagen og kvelden vart brukt på forelesingar, fjelltur og ein betre middag på Runde Miljøsenter. Etter fleire forelesingar tysdag formiddag, gjekk turen med båt til Volda og fly vidare til Bergen. På bildet er gjengen akkurat på veg om bord i "Lophelia" som frakta dei til Volda.

E-Co Energi sjøsetter "Seahorse" ved Treholmane

Torsdag 1. september 2011

Torsdag 1. september sette E-Co Energi ut bølgjekraftverket sitt "Seahorse". Seahorse er eit anlegg av typen punkt-absorber. Det består av ein flottør knytt til ein generator på botnen. Anlegget er ein prototyp for å verifisere det mekaniske konseptet. Derfor er det ikkje kopla på straumnettet. All energi som blir produsert vert "brent av" på staden i ein motstand, men all energiproduksjonen blir målt og registrert.

Det er tatt i bruk mykje nytt utstyr i Seahorse, mellom anna

  • Bruk av SmartMotor™-teknologi
  • Oppspoling av tau til flottør etter "rullegardin-prinsippet"
  • Monitorering med kamera under vann for overvaking av anlegget

Generatoren frå SmartMotor har ein kapasitet på 3kW, basert på permanent-magnet teknologi. Der er bygd inn ein funksjon som jamnar ut straumproduksjonen. Derfor kan Seahorse sende ut straum med jamn spenning og frekvens på nettet, trass i variasjonane i bølgjeenergien. I tillegg er det ein ny tanke å bruke oppspoling av tauet mellom generator og bøye. Det gjer at ein får tatt opp slakk og kan kompensere for flo og fjøre.

Det var tidlegare direktør i E-Co Energi, Hans Erik Horn, som hadde den opphavlege ideen til Seahorse. Sjølve konseptet er utvikla i eit samarbeid mellom E-Co, SmartMotor og Sweco.

Effektiv operasjon

Vêret var gunstig på utsettingsdagen, med rundt 1-1.5 m signifikant bølgjehøgde (anslått) og moderat vind. BB Lifter gjekk frå Mjølstadneset kl. 07.00 og ankra opp ved Treholmane på ca. 60 djupne. Etter førebuingar om bord, gjekk Seahorse over rekka ca. kl. 12.30. Mesteparten av installasjonen vart gjort i løpet av eit par timar. Etter installasjonen av sjølve anlegget, vart det også sett ut ein måle/instrumentbøye. Den har kommunikasjonsutstyr for fjernovervaking av Seahorse via GSM-nettet. Det vart også lagt ut anker for ein bølgjemålingsbøye som skal settast ut av Runde Miljøsenter i nær framtid.

Skjær i sjøen

Utvikling av ny teknologi er ikkje enkelt, og i dette tilfellet fekk installasjonen dessverre kort levetid. Laurdag 3. september mista SmartMotor signala om produksjon frå generatoren, og forstod at noko kunne vere gale. Laurdag ettermiddag vart hovudbøya og ein del av undervassinstallasjonen funne drivande i sjøen nord for Grasøyane, tauet mellom bøya og generatoren var slite av. Det var roleg vêr, og ingenting tyder på at utstyret var underdimensjonert i høve til krafta i bølgjene. Det er heller grunn til å tru at problemet er av materialteknisk art og konseptet i seg sjølv ser ut til å vere godt.

E-Co Energi og partnarane deira vil no analysere måledata for dagane anlegget var i drift, for å vurdere om resultata er etter forventningane. Når det er gjort, blir det bestemt korleis prosjektet skal halde fram.

Ein god stad å teste

Testområdet som no er etablert ved Treholmane, nord for Runde Hamn, har potensiale til å fungere svært bra. Her er eit godt bølgjeklima, med både store og mindre bølgjehøgder ulike stader i området. Det er også veldig nær land med kort veg til nødvendig infrastruktur som kai-anlegg, skipsverft osb. Dermed kan utsetting, reparasjonar, forbetringar og anna vedlikehald gjerast raskt og kostnadseffektivt.

Området er vald ut i samråd med fiskarlaget for å redusere risikoen for konfliktar. Det at Runde Miljøsenter no har ein fast områdekonsesjon har også den fordelen at det er lite byråkrati knytt til utsetting av nye anlegg. Vi ser store moglegheiter for området framover, og håper at det blir eit viktig nytt tilskot til den maritime aktiviteten i området vårt.