Det internasjonale rådet for havforsking (ICES) har fått observatørstatus i FN

Det Internasjonale rådet for havforsking (ICES) fekk observatørstatus i FN si Generalforsamling  no i november 2018. http://www.ices.dk/news-and-events/news-archive/news/Pages/ICES_becomes_UN_observer.aspx

Runde miljøsenter v/Lars Golmen har i over 10 år delteke i arbeidsgrupper under ICES, og vil vere med vidare under den nye FN-statusen.

For Runde Miljøsenter er det nyttig å vere med i slike internasjonale fora. Det bidreg til utvida nettverk og nye oppgåver, og koplar RMS tettare opp mot det som skjer internasjonalt på tema Hav, seier Golmen. Til dømes er RMS med  på å utarbeide FN sin neste havrapport, World ocean assessment, som kjem i 2020. Sjå meir her: http://www.worldoceanassessment.org/

Styrka internasjonalt arbeid er også ein del av Møre og Romsdal Fylke sin strategi, som kan bli enno viktigare i samband med regionreforma.

ICES har sidan 1902 gitt vitskaplege råd om forvaltning av levande marine ressursar og det marine miljøet i det nordaustlige Atlanterhavet. Fiskerinæringa har god kjennskap til ICES ved at organisasjonen gjev tilrådingar om internasjonale kvotar og avgrensingar på fangst av viktige fiskeslag. Med sine 20 medlemsland, og sitt internasjonale nettverk med meir enn 5000 vitskapsfolk, har ICES tilgang til eit breitt spekter av vitskapleg forsking og analyse. Denne erfaringa og kompetansen er ICES nå klar til å stille til rådvelde for FNs viktige havarbeid, inkludert arbeidet med berekraftsmåla og arbeidet for å utvikle ein ny avtale om biodiversitet utanfor nasjonal jurisdiksjon.

For meir informasjon om ICES sjå www.ices.dk.

ICES var på Runde i april, les meir her: http://rundecentre.no/internasjonal-arbeidsgruppe-fra-ices-besoker-runde/

www.regjeringa.no ved statsministeren sitt kontor informerte om dette  i byrjinga av november (04.11.18) https://www.regjeringen.no/no/tema/utenrikssaker/fn/ices_status/id2617909/

Det internasjonale råd for havforsking (ICES) vitjar Runde

ICES, Det internasjonale råd for  havforsking (International Council for the Exploration of the Sea), vart danna 22. juli 1902 i København og har 20 medlemsland. Organisasjonen har hovudsete i København.

I byrjinga var ICES ein vitskapleg organisasjon som arbeidde med praktiske fiskerispørsmål, og eit tverrfagleg forum for marine studiar.

I dag er ICES ein mellomstatleg organisasjon for havforsking, og eit rådgivande organ for fiskeriforvaltning i medlemslanda og EU. Fjordårets møte i arbeidsgruppa var i Lisboa, og i år altså på Runde. Samanstilling og oppdatering av relevant informasjon dannar grunnlag for arbeidet til gruppa. Dette gjer dei for å bistå beslutningstakarar og styresmakter med råd omkring planar om utbygging og overvaking, som tek i vare både naturressursar og miljø i havet. Lars Golmen ved Runde Miljøsenter er norsk representant i  gruppa.

Snart er «halve Nordsjøen» full i vindmøller
– Vi skal sjå trendar for kva konsekvensar den nye og raskt veksande teknologien har verka inn på det marine økosystemet, seier Finllay Bennet frå Marine Scotland, leiar for gruppa. Gruppa ser med anna på om støy kan påverke fisk, niser og delfinar. Korleis påverkar installasjonar i havet desse? Kommuniserer dei annleis når skip og installasjonar lagar støy i havet?

– Vi har også merka laks for å finne ut kvar dei reiser, kva rute dei tek og om dei reiser attende til elva dei er fødde i.  Vi registrerer kor mykje tid dei nyttar, kva djup  dei sym på. Denne registreringa skal forhåpentlegvis gi oss betre innsikt i om laksen vert påverka av installasjonar i havet, seier Bennet.

Forsøk med merking av fugl har gitt viktig informasjon om effektar av vindmøller. Onsdag 18/4 inviterte Runde Miljøsenter til eit seminar der gruppa møtte andre for å dele av sin kunnskap om prosjekt som dei er med på. Representantar for lokal industri, Statoil og andre deltok. Neste møte i gruppa vert i Ostende i Belgia. Programmet: afternoon-seminar-wed-18april-at-runde-programme Rapport: 01-wgmre-report-of-the-working-group-on-marine-renewable-energy-2017