Ny FN-rapport om havet

(22. januar 2016)
FN lanserte i dag den omfattande rapporten First World Ocean Assessment, som omhandlar status for maritim og marin aktivitet i verdshava, og korleis det står til med ressursane m.m. www.worldoceanassessment.org

Runde Miljøsenter har vore engasjert i arbeidet med rapporten.

Arbeidet med over 50 delkapittel har teke svært lang tid, grunna mykje byråkrati. Mange land har villa hatt eit ord med i laget, også dei utan kystline, seier Lars Golmen. Sjølv om perspektivet er globalt, trur eg at rapporten også vil ha interesse for folk og verksemder i Møre og Romsdal, som har auga retta mot havet, seier han.

Miljøsenteret vil etter kvart ta initiativ til å få presentert og diskutert aktuelle deler av innhaldet, med omsyn til ringverknadar både kunnskapsmessig og for næringslivet i regionen.

Du kan lese rapporten her.

Japansk besøk

(7. januar 2016)
Miljøsenteret hadde besøk av Yuji og Makiko Tanaka frå Universitetet i Tokyo 4-7 januar 2016. Yuji er professor i marin biologi ved universitetet. Han ønskjer samarbeid med Miljøsenteret, særleg innafor fagområda havenergi, tang og tare og fiskeriressursar.

Gjestane fekk sett seg rundt i kommuna og var m.a. om bord i Kings Bay og Havila Subsea, for orientering om slike moderne båtar.

Fotoet syner gjestane og Roger Kvalsund ved Marine Harvest sitt anlegg på Eggesbønes, der dei også fekk omvising.

Lars Golmen er svært nøgd med besøket og diskusjonane og skal snart til Tokyo for oppfølgjande møter omkring samarbeid og avtalar.

Bølgjekraft og miljøverknadar, ny rapport

Havenergi som bølgjekraft og tidevasskraft er ny fornybar, «grøn» energi, som representerer teknologi med anteke avgrensa negative miljøpåverknadar og positiv miljøgevinst. Dei negative miljøaspekta som måtte eksistere, må imidlertid belysast og ivaretakast både gjennom forstudiar, modellering, overvaking og kunnskapsforvalting. Det vil vere tale om både generelle og anleggs-spesifikke/lokalitets-spesifikke miljøpåverknadar. Runde miljøsenter med Lars G. Golmen er sentralt plassert i internasjonalt arbeid på dette området, gjennom IEA og ICES arbeidsgrupper.

Norge er engasjert i det internasjonale energibyrået IEA sitt arbeid innanfor havenergi og miljø. Dette er organisert i Anneks 4 under paraplyen (Implementing Agreement) IEA-OES: Ocean energy systems, der Norge v/NFR er offisiell medlem. http://www.ocean-energy-systems.org/

OES-Anneks 4 tek for seg havenergi og miljøet, miljøovervaking og miljøpåverknadar av ulike typer anlegg, seier Golmen. Annex 4 gruppa har representantar frå 13 OES-land og er leia av PNNL: Pacific Northwest laboratories i USA. Gruppa møter eit par gonger i året, oftast i tilknyting til konferansar. Annex 4 har fleire løpande oppgåver, m.a. å vedlikehalde og oppdatere ein database for havenergi og miljøpåverknadar; Tethys databasen: http://tethys.pnnl.gov/. Her er mykje nyttig informasjon samla, både over anleggstyper, eksisterande installasjonar og gjennomførte testar og demonstrasjonar, samt referansar til rapportar og publikasjonar frå teoretiske studiar og miljøovervaking. Mykje av dette vil vere nyttig også for offshore vind. Gruppa organiserer i tillegg workshops og utarbeider og oppdaterer Best practice dokument for miljøovervaking. Oversyn over internasjonalt regelverk, lovgjeving og arealplanlegging til havs står sentralt i arbeidet, og Golmen har nyleg samla inn data for dette for situasjonen i Norge.

Annex 4 utga i byrjinga av 2016 ein rapport, State of the Science, for det som er kjent av miljøeffekter av havneregianlegg og korleis desse kan overvakast og dokumenterast på beste måte. Boka tek for seg dei ulike påveknadsfaktorane (stressors) frå anlegg, slik som det den fysiske installasjonen representerer, støy og lyd i sjøen, eventuell forureining og elektromagnetisk felt (EMF). Overvakingsmetodikk vert omtalt for sjøpattedyr, fugl, fisk og annan pelagisk fauna, samt for botnfauna og tang og tare (påvekst) der det er aktuelt. Tethys databasen og den nye rapporten utgjer ein nyttig referansebase for Runde miljøsenter, avsluttar Golmen.

Du kan lese heile rapporten her: http://tethys.pnnl.gov/publications/state-of-the-science-2016


(Bilete er ei lenkje til det norske samandraget i rapporten)