Kompetansesenter for havenergi er lokalisert på Runde Miljøsenter. Vi er eitt av tre kompetansesentra i Møre og Romsdal fylke, og er støtta av både Møre og Romsdal fylkeskommune og industrien. Hos havenergisenteret finn du informasjon om teknologi og forsking innan fornybar energi frå havet.
Der vi seier «Energi frå havet» ville ein japanar seie noko slikt som «Umi kara no enerugi». I vinter fekk Runde Miljøsenter besøk av to journalister frå det japanske livsstilmagasinet Jiyujin Magazine. Dei var på ein rundreise i Norge for å sjå på korleis vi nytter fornybar energi her i landet. Dei starta i Hammerfest og fortsette sørover, med stopp undervegs i Alta og på Runde, før dei enda opp i Oslo.
Meir informasjon her.